lørdag 4. oktober 2008

Haustferie

Det var denne veka eg skulle ha så mykje tid. Denne veka eg skulle scrappe og gjere reint i huset. Kosa meg med gode bøker og hente nye krefter. Vel fortjente fridagar etter ei hektisk tid på jobb. Men kor vert det av alle desse dagane? Kva er det som skjer med tida? Den renn aldeles vekk mellom fingrane mine.

Likevel. Når eg ser attende, så har det kome noko ut av dagane. Ting eg ikkje har tid til elles. Det vart kanskje ikkje dei tinga eg tenke før veka var her, men noko eg er glad for har skjedd.

Potene og gulrøttene er kome innomhus. Dei første med minimal hjelp av meg. Og gulrøttene hadde hjorten kvalitetssjekka ganske så grundig. Det var ikkje mykje att til oss... Vindauga har blitt reine og eg og borna har vore på Vannkanten og blitt våte og slitne. Køyre 20 mil for å bada er ikkje kvardagskost, men vi koste oss skikkeleg. Og når borna fekk kjøttboller på Ikea på veg heim att, då var dei verkeleg nøgde. (Jada, det vart nokre eskar og pakker og ting med oss heimatt også. Det er jo ikkje råd å gå inn dørene på Ikea utan å koma ut med eitt eller anna nyttig . ;) Etter det har eg fått gnagsår inni handa etter skruhjernet...)

Haustferie vil òg seie at det vert mykje folk rundt oss. Borna har hatt søskenbarn å leika med nesten kvar dag, og dei andre dagane har dei hatt besøk av venner. Då er det kjekt at ho mor har hatt tid til å laga eplekake, bollar og andre godsaker. Kjøkkenet har vore ein god plass å vera denne veka.

Og så har eg endeleg fått tatt bilete av ein skatt eg fann i kjellaren i gamlehuset.

Denne var ikkje vakker. Grønn og flekkete og kanskje slett ikkje brukande til noko. Men sidan eg var i gang med å mala vinduskarmane hadde eg malinga i nærleiken. Då var det jo ikkje nokon grunn til ikkje å prøva. Eg er veldig nøgd med resultatet. Kvite krokar frå Jernia vart skrudd inn på undersida og no passar hylla på alle nøklane våre. Kjekt med litt meir orden i den saka.

Og så hadde hylla ein artig detlaj som verkeleg gjorde at eg ville gjera ho vakker. Ei stjerne på kvar side sette prikken over i'en.Og berre for å bevise det. Eg har laga kort. Ein nevø og ei niese vert tre år neste veke. Dei må sjølvsagt få heimelaga kort. Det eine vart rosa, dette vart ikkje det. Men elles er dei ganske like.

Og om nokon skulle lure. I dag vart det mest rett å skriva på bygdas ofisielle språk. Berre fordi eg var innom Rosa sin blogg før eg skreiv sjølv. Sånn kan det gå, ein vert påverka :)

Av Rosa har eg fått ein aldeles nydeleg award. Den fortener eit eige innlegg. Men ikkje i kveld. No er det tid for å laga pizza til ein sulten familie.

Ha ei aldeles nydeleg helg, alle som kikkar innom hos meg.

1 kommentar:

Rosa sa...

Sjå der var hylla, ja! Den hus gikk forbi, men kom plutselig tilbake ;)

Så nydeleg det var med stjerne på sidene - kjekt med sånne detaljar. Eg kjøpte ei bittelita hylle med krokar på på loppemarknad forrige helg, men ser jo etterkvart kvifor eg berre betalte 10 kr for den, for å sei det slik :)

Eg har forresten ein plan for meg og deg - snakkast i morgon!